Bloggfrøken | Inger Marie Lien
Ein lett stressa optimist
07.10.2013. Tida flyr. Det veit jo alle studentar som får tida til å gå ved å bruke semesteret på TV-seriar, soving, kaffidrikking, trening, hyttetur, shopping, impulstur til syden og deltidsjobb. Eksamen og skippertaket er jo uansett så evig langt fram i tid. Og så nesten ut av det blå er brått eksamensdagen komen. Like overraskande kvar gong verkar det som.
Og litt slik er det no òg. Praksis i seks veker kan jo høyres ut som eit hav av tid. Så når eg i tillegg skulle heim til Førde, laga eg derfor ei mental liste over ting eg skulle ordne og styre med for å fylle desse seks vekene også utanfor jobben, fordi det å bu heime utanom feriane fort gjer deg til Vera Vennelaus. Lista mi handla blant anna om å rydde og hive frå klesskapet, velje ut bilete og lage album frå interrailturen i fjor, vere på treningssenteret tre-fire gonger i veka, gå bystien, lese pensum (optimist, type light), lage tankekart for masteroppgåva (optimist, type overdreven), og så brått er ein halvvegs og begynner å kave litt fordi ein ikkje har fått gjort verken det eine eller det andre i den grad ein hadde tenkt. Og når desse tre vekene har gått så fort, vil jo dei neste tre vekene mest truleg fyke av garde i same tempo. Så kva skjedde? Jo, eg fekk dette med å vere sliten etter jobb slengt etter meg, blei hekta på Broen 1 og 2, ville leike litt med tanteungen og fall bokstavleg talt for senga mi litt for ofte.
Då står det kanskje litt betre til med kva eg har fått gjort i praksis. Ved oppstart fekk eg jo ei liste over mine arbeidsoppgåver, og eg er ferdig med ein god del av dei, som til dømes språkvask, lenkesjekk, vurdering av kommunikasjonsstrategien og søkemotoroptimalisering. Det største til no, er utvilsamt at eg fekk vere med på IAGR-konferansen i Oslo. (jf, forrige bloggpost). Eg kom heim derifrå i går, og var relativt sliten etter tre dagar med mingling, dresskode, flotte middagar og mange interessante føredrag. Favoritten var nok Kjell A. Nordström sin glimrande kick off om utviklinga innan økonomi, teknologi, sosiolgi og spelindustrien. Han snakka veldig inspirerande om den digitale tidsalder vi lever i, og at farten vi beveger oss i er ei utfordring både for individet, organisasjonar, by, stat og samfunn. Og ikkje minst korleis desse delane kan eller bør samkøyrast.
Etter slike store og interessante tankar, må ein forsøke å kople om til kontorarbeid og kvardagen i Førde igjen. Men ikkje nødvendigvis til det negative. For neste veke skal Hordaland/Sogn og Fjordane sitt lokallag i kommunikasjonsforeningen ha fagmøte om krisehandtering, der eg tenkte å snike meg med. I tillegg aukar talet venninner heime frå to til tre, så mitt sosiale liv skal få seg ein liten oppsving. Dette vil jo gi endå mindre tid til mi optimistike planlegging om pensumlesing og masterførebuing, men pyttsann. Alt går jo til slutt. Eller som Nordström ville sagt det: «I’m a worried optimist, but still an optimist!»
Om store stjerner og maset frå mor
24.09.2013. Tru det eller ei, men eg valde å flytte frå kjærasten, venner og det blide sørlandet, og heller bu heime hos ho mor i seks veker for å ha praksis hos Lotteri- og Stiftelsestilsynet i Førde. This better be good, ey?
La oss ta dette med å flytte heim først. Ein overgang ja, men ikkje større enn eg er van med kvar sommar. Litt ekstra mas av typen mild kommandering for mitt eige beste, men som like fullt klarer å irritere èi som er van med å gjere ting på sin eigen måte: «ta på deg ullsokkar, det er så kaldt i golvet», «har du huska å lage deg niste?» eller min favoritt: «ta på deg hue og vottar når du syklar om morgonen». Men det er ein liten pris å betale når middagen er laga frå botn av, og kjøleskapet bognar av alt mogeleg slags pålegg.
Men nok om mat og foreldres evigvarande omsorg no.
Praksisplassen min har det meste på stell når det kjem til kommunikasjon. Ein utfyllande kommunikasjonsstrategi som er godt forankra på leiarnivå, eigen språkprofil, deltakar av Språkrådet sitt klarspråkprosjekt, og ein tankegang om at dei alltid kan bli betre. Dette er jo ting som kling godt i øyra til ein kommunikasjonsstudent. Men å ha ein kommunikasjonsstrategi er ein ting. Å få dei rette følgjarane på Facebook, Twitter og LinkedIn er noko anna. Det var akkurat dette som var oppgåva eg møtte dag to i praksis. Kontaktpersonen min sa det rett ut: «Vi er jo litt kjedelege». Og ein kan jo seie seg i einig i at lotteriverdige organisasjonar, stiftelsestilsyn og momskompensasjon for frivillige organisasjonar kanskje ikkje er det mest juicy ein kan følgje på twitter og Facebook, sånn for oss vanlege folk. Men ei desto betre utfordring for meg å finne dei som faktisk er interessert i dette. Korleis eg løyser oppgåva vil vise seg, og eg har kanskje svaret på det ved slutten av praksisperioden.
For tida er folk på kontoret i siste innspurt av førebuingane til IAGR-konferansen (International Association of Gaming Regulators), som går av stabelen i Oslo neste veke, der Lotteri- og stiftelsestilsynet står som vertskap. Dei ventar over 200 gjester frå kvar ein krok i verda, og er sjølvsagt veldig spente på gjennomføringa. På eit felles infomøte i går blei programmet gjennomgått, dei store internasjonale namna trekte fram, (namn som eg aldri har høyrt om), og det blei gjeve tips til mingleprat. Eg var med på dette møtet sjølv om eg ikkje er skal vere med til Oslo, og misunninga mi på dei som skal reise steig medan eg sat der.
Ikkje fordi eg har så lyst å mingle med desse tydelegvis store kjente stjernene innanfor lotteri- og speltilsyna, men fordi det vil vere interessant å sjå eit så stort og proft arrangement bli gjennomført. Så sterk blei misunninga at eg trur sjefen min må ha lukta den. For innan arbeidsdagen var omme, var avtalar gjort om eg at får bli med, flybillettar bestilt og overnatting i boks.
Så no skal eg børste støv av dressjakka, lære meg namna til nokre av dei viktigaste personane på talarstolen og pugge litt engelske gloser innan lotteriterminologien. Grand Hotel here I come!
– Inger Marie